Velkomen

Foto: Ingebjørg Sporstøl

Hellesyltdagane er eit årleg fyrverkeri av ei helg på sumar-Sunnmøre. I tre dagar til ende  blir den vesle tettstaden i enden av Sunnylvsfjorden treffpunkt for fleire tusen tilreisande. I år blir “Sommardagar på Hellesylt” blir arrangert for 30. gong!

Frå fredag til søndag er Hellesylt sentrum eit yrande midtpunkt med varierte tilbod til store og små. Møt gamle kjente, hels på nye bekjentskap, opplev dugnadsånd på sitt beste og nyt Sunnmøre på sitt vakraste.

Vi gler oss!