Laurdag: Rotlaus (Sherlock Holmes Pub)

For omlag tolv år siden sto Rotlaus på scenen for første gong. Den gong under navnet “Lazy Boots” – eit countryband som reiste rundt i diskrikta nesten kvar helg og underheldt på puber, i barer og ungdomshus. Bandet blei oppløyst, og musikerene spilte videre i ulike band. Dei møttes under festivalsommeren 2015, og fann ut at dei skulle gjere et prosjekt saman igjen. No er dei tilbake på scena – betre enn nokonsinne!


Sherlock Holmes Pub
Laurdag 9. juli
kl 20.00 – 02.00
Aldersgrense: 18 år
Pris: 300 kr (Helgepass: 400 kr)

Billettsalget begynner på Øcal Hellesylt 20 Juni

Les meir på: Sherlock Holmes Pub – Facebookside


Ti år er gått sidan Bjørn- Marius Øyehaug og Levi André Leite starta å spele i lag. Saman med Stig Ulvestad farta dei rundt i det vidstrakte land og spelte i hovudsak coverlåtar. Etter fleire år på vegen, valde Øyehaug nye utfordringar. Han er truleg mest kjend for sitt bidrag i Vassendgutane.

Tilfeldigheitene ville at Øyehaug og Leite sumaren 2015 enda opp på same scene att. I samband med speling på ein av landets mange countryfestivalar kom dei i prat om å gjenoppta tråden. Dei fekk med seg gitarist Simen Manseth Rebbestad som krydrar lydbiletet med sine mange krumspring. I det siste er òg Simen Bjørdal komen til på slagverk. Øyehaug skildrar bandet sin musikk som eit produkt av livets oppturar og nedturar. Der er inga oppskrift på korleis ein melodi vert til, seier han, men kvar låt har på ulike måtar røter i røynda, så heilt rotlaust er det vel ikkje.

Dette seier Rotlaus om seg sjølv:

Bjørn Marius

Låtskriver og frontfigur i «rotlaus» Reiste fast med Vassendgutane i 5 år og fått opparbeidd seg både rikelig med sceneerfaring og etterkvart eit ansikt mange konsert-gangere rundtom i Norge har kjennskap til. Den gang bak trommene, sammt kjent for sine soloinnslag og koring for nettopp dette bandet. Han har også sammen med Levi vore fast backingband på ulike countryscener, festivaler og andre tilstelninger med mellom anna steff nevers, Steffen Jacobsen og Sivert Bjørdal. No står han framme på scenen og trakterer sin nyinnkjøpte gibson samt syng med si lyse røyst.

Levi André
Ein stødig bass er ikkje å forakte. Og Levi er vel etterkvart ganske kjend for nettopp dette. Ikkje reint skjelden kjem folk og spør om det er noken Levi ikkje spelar med, og nei, han he vel spelt med dei fleste etterkvart. Levi og Bjørn Marius har jobba sammen i alle tenkelige settingar heilt tilbake til skuleåra, men kanskje mest kjendt sammen under deira tidlegare prosjekt “lazy boots” samt fast backingband på ulike countryfestivaler. Då med artister som steff nevers, Steffen Jacobsen, Sivert Bjørdal og mange fleir.

Simen Rebbestad
Då me starta opp bandet hadde me aldri trudd me skulle finne ein god arvtaker til vår tidlegare gitarist. Men det gjorde me og det til gangs! Simen er eit unikum av ein musiker. Med seg på tur har han både telecasteren, strat’en og ein mandolin under arma, men han er ikkje snauare enn at han både finn på å leite opp både trekkspel og fele. Simen sitt på mykje kunnskap og har vel meir skulegang enn dei fleste i bandet, treng vi å lære tysk eller kanskje spansk, så er Simen mannen. Me held oss framleis til å skrive på norsk, men då er det godt å vite det er meir enn språk-kunnskap han sit på, lagar Bjørn Marius ein melodi, kjem solar og tema kjapt frå denne unge mannen. På scena er han ein luring, som alltid fe med folket og som nevnt tidlegare syng Bjørn Marius relativt lyst…Simen korar og syng såleis enda lysare (!!)

Simen Bjørdal
I likheit med Hr.Rebbestad er også Bjørdal halvt follestaddaling.. Det later til at Bjørn Marius har sansen for dalafolk. Simen er vel på mange måtar arvtakar til Bjørn Marius i «rotlaus» sammenheng. Men som også nevnt med hans navnbror i bandet, treng ikkje det vere feil. Simen leverer!! Som yngstemann i bandet, følger eit stort ansvar med å ta seg av våre unge beliebers, samt eit ansvar med å halde drivet i gang i bandet!! Det later til at han har full kontroll på begge deler. Han spelar det meste og med dei fleste i lokalmiljøet, så å få med denne gutten på laget må me vere godt nøgde med. Ein kanonfyr vi set veldig stor pris på å ha i gjengen.

Rotlaus sin nye singel på spotify: https://open.spotify.com/track/2zW0HSX12jIGExY6UvAxSG
Rotlaus på facebook: https://www.facebook.com/rotlausband/?fref=ts