Morgan Sulele meiner at du berre er han sin, og med nummer #1 på Spotify har ein ingen argument imot. Under Hellesyltdagane vil han halde konsert på utescena søndag! Og du – det er heilt gratis!
Utescena, Hellesylt sentrum
Søndag 10. juli, dagtid
Ingen aldersgrense
Arrangementet er gratis
I fleire år har Magnus Clausen, betre kjent som Morgan Sulele, levert låtar til både festlege og rølpete høve. Med ei etablert fanskare som strekk seg godt innanfor russemiljøet etter fleire titalls russelåtar, signerte han platekontrakt med Universal Norge før jul. Fanskaren har berre blitt større, og strekk seg no frå barnehagealder til voksne i sin beste alder.
Debutsingelen «Rist Meg» med Katastrofe kom i april, og i slutten av mai kom den store sommarhiten «Bare Min», som etter to veker låg på 3. plass på VG-lista, og sendte han rett til VG-liste-showet på Rådhusplassen, med 80.000 tilskodarar. Låta «Bare Min» har blitt streama på kryss og tvers i Norge, og har til no nærare 20 millionar avspelingar på Spotify.
Bak kulissene er Magnus Clausen ein eminent låtskrivar, og har delteke på verk som Samsara, Supernova, Elak Elak og Langt igjen å gå, for å nemne nokon. I 2015 kom Morgan Sulele inn på Spotify si liste over «Top 5 mest spilte norske artister i Norge 2015»
Arrangementet er gratis