
Mounir El´Mourabit er frå Sunnylven, men bur i Volda. No kjem han endeleg til Hellesyltdagane og sirkusteltet fredag 4.juli med mykje god musikk og masse energi. Vi gler oss til å ønskje han og alle danseglade tilreisande og heimebuande i Sunnylven velkomen i sirkusteltet fredag kveld!
Billettar på Tikkio: https://tikkio.com/events/57090-the-feelgood-orchestra-i-sirkusteltet
Til Hellesyltdagane skriv Mounir at han alltid har vore interessert i musikk og hatt sine tankar om kva som er bra musikk. Han fortel at det heile starta på Tronstad Grendahus i 5. eller 6. klasse. «Eg vart ofte sittande å bytte kassettar for å spele dei beste låtane. Etter kvart forhandla eg avtale med dåverande drivar av Grand Hotell på Hellesylt om å køyre ungdomsdisco. Dette la grunnlag for å kunne drive med dette i større stil.»
Den «profesjonelle» DJ-karriera starta då han vart 18 år og kunne køyre land og strand rundt. Sidan då spelte han i over 20 år på klubbar mellom Kristiansund og Florø, men også i Oslo og på diverse events i Noreg. Etter ei pause på 8-9 år vart han overtala til å gjere comeback, i alle fall for ein kveld, på TIK Café & Restaurant i Ørsta. Dette vart ein suksess som førte til at han heldt fram med spelinga. Mounir seier at han vel sine oppdrag med omhu. «Motivasjonen er å ha det gøy! Dersom ein ikkje får glede av å drive med noko, skal ein heller ikkje gjere det. Eg er spent på å kome «heim» fredag 4. juli og spele for Sunnylvingane!»
Mounir beskriv musikkstilen sin som at han alltid prøver å skape god stemning. Han har ingen «slagplan» før han kjem til bygda, men kjem til å føle på stemninga og bygge på det han opplever i augeblikket. «Eg likar å blande gamalt med nytt og de får typisk høyre mykje musikk de har høyrt før, men kanskje i heilt ny drakt, og miksa saman med laser-presisjon. Det blir kjekt å få eit gjensyn med Hellesylt, og eg ser fram til å sjå mange kjende og ukjende fjes – vonleg blir det ein god match!», avsluttar Mounir.
Vi gler oss til å ønskje han og alle danseglade tilreisande og heimebuande i Sunnylven velkomen i sirkusteltet fredag kveld!