Ein times gratiskonsert med Tobias Sten frå utescena laurdag 5. juli under Hellesyltdagane

Foto: Sara Abraham

På under eit år har Tobias Sten etablert seg som ein av Noregs mest spanande nye stemmer innan countrymusikk. 21-åringen frå Stord har pusta countrymusikk sidan han var liten og starta sitt eige countryband allereie som 12-åring – og har opptredd sidan då. Tobias trekkjer mot singer-songwriter-sida av countrymusikken og hentar inspirasjon frå Zach Bryan, Jason Isbell og Watchhouse. I mai kom det sjølvtitulerte debutalbumet ut og med sine personlege tekstar om oppvekst på bygda og sterke formidlingsevne er Tobias eit friskt pust i norsk musikk som gir den nye generasjonen ei stemme på stordamål i countrymusikken.

Han vart for alvor kjent då han gav ut låta «Heim til ståvo» som er spelt mykje på radio siste tida. Vi gler oss til ein times gratis konsert med Tobias Sten på utescena laurdag 5.juli. Han vil også stille opp og skrive autografar og ta bilete etterpå for dei som ønskjer det.