Det blir vel knappast Hellesyltdagar utan Andesleppet, og det tradisjonelle innslaget er på plass også i år.

Det svært populære Andesleppet går av stabelen søndag ettermiddag ved Hellesyltfossen. Fleire tusen gule ender blir sleppt ned i dei kraftige vannmassane og kranglar om å vere fyrst ned til målstreken. Målgang er som tidlegare etter passering Hellesylt bro og vinnarane blir premiert frå utescena ikkje lenge etter. Kanskje blir det di and som trekk det lengste strået i år?
Andestanden blir å finne sentralt i sentrum og kjøp av ender under dagane kan gjerast med kontantar eller kort. For dei som ikkje har høve til å komme til Hellesylt denne helga kan ein kjøpe ender ved å vippse. Husk å merke med antal kjøpte ender. Vippsnummer til Andesleppet er 569925. Ei and kostar 75kr.