
Det var kjempepopulært å få høyre og helse på Bjørnis under dagane i fjor og vi gler oss stort til han kjem tilbake. Bjørnis er opptatt av at born og vaksne har kunnskap om brannsikkerheit og han ønskjer å bidra til at så mange som mogleg veit kva ein skal gjere for å unngå ulykker og brann. Og kva betre måte å gjere det på enn gjennom musikk og dans. Det er berre å øve på songane til Bjørnis for det blir danseshow søndag 6. juli på Hellesylt. Det blir moglegheit til å helse på og ta bilde med Bjørnis etterpå.