Berre dagar igjen til det brakar laust!

Sirkusteltet er satt opp, programmet er klart, musikk, aktivitetar, mat og fest er lina opp nettopp for at du skal få glade sommardagar saman med oss på Hellesylt komande helg! Vi håper du tek turen til den vakre bygda vår. Vi er klare til å ønskje deg velkomen.

Hugs at du må kjøpe billettar til nokre av arrangementa. Det kan vere greit å ha gjort dette i forkant. Alt om billettar finn du her: https://www.hellesyltdagane.no/billettar/

Heile programmet kan du lese om i Hellesyltdagavisa som er tilgjengeleg her: Hellesyltdagavisa 2025

På siste side får du også oversikt over dei ulike tidene alt skal skje. Då går du ikkje glipp av noko, og den einaste utfordringa blir å velge kvar ein skal ete, kva ein skal sjå på og at der nesten ikkje er nok tid til å prate med alle kjente du møter heile vegen til det neste programinnslaget!

Vår beste anbefaling; ro ned, kos deg og nyt folkefesten saman med oss!