
Det er kjekt å kunne bekrefte at vi også i 2027 vil arrangere Hellesyltdagane som før. Datoane for arrangementet i 2027 blir 09. – 11. juli, helga før fellesferien startar.
Vi har som tidlegare år alltid behov for hjelp og oppgåver som må løysast i samband med arrangementet. Kjenner du at du har nokre timar å gi til eit lag eller ein organisasjon, praktiske oppgåver i sentrum, ei barvakt eller sette opp og rydde ned så vil vi gjerne høyre frå deg. Send e-post til post@hellesyltdagane.no
Legg datoane for Hellesyltdagane 2027 inn i kalenderen og start sommarferien saman med oss på Hellesylt. Velkomen!