Gratiskonsert med Maria Holand Tøsse

Søndag 8.juli blir det gratiskonsert med Maria Holand Tøsse og band frå utescena vår!

Maria vil med sitt engasjerande vesen og sin sprudlande energi, skape ein minnerik konsert under Hellesyltdagane. Maria Holand Tøsse er 28 år. Ho har vore med i Idol, X- factor og Det store korslaget. YouTube- videoen der Maria syng til sin kjære Ronny då dei gifta seg er vist 36 mill.gongar. Ho er utdanna journalist og før ho starta sitt eige firma i 2014, jobba ho i NRK. No utdannar ho seg til å bli sertifisert Coach.

Vi gledas oss til å ta imot Maria og bandet hennar frå kl 15.30!