Gratiskonsert med Lars Martin Myhre

Laurdag står ei klippe i norsk musikk på scena under Hellesyltdagane. Lars Martin Myhre tek deg på ei musikalsk reise i sin verden.

Du har heilt sikkert høyrt songar av eller med Lars Martin Myhre. Enten frå dei 31 åra han samarbeida med
Odd Børretzen, eller songar frå Lars Martin Myhre sine soloplater.

Songane hans har vore ofte å høyre på radiokanalen P1 . Songar som «Trøstesang», «Hun lignet på en som var pen» eller «Skip som møtes i natten». Lars Martin er ofte omtala
som ein melodiens meister. Lars Martin starta med musikk på heiltid for 43 år sidan og han har hatt ei mangfaldig karriere.

Han har komponert film- og teatermusikk og har deltatt på nærare 70 plater. Musikalsk har han samarbeida med mellom andre Arild Nyquist, Palle Mikkelborg, Halvdan Sivertsen og som nevnt Odd Børretzen.

Sammen med Odd Børretzen gav han ut plata med tittelen «Noen ganger er det allright» som låg heile 98 veker på
VG-lista. Lars Martin Myhre har mottatt fire Spellemannspriser og mottok nyleg Alf Prøysens Ærespris.