- Kvar er Hellesylt?
- Kart over sentrum
- Parkering
- Førstehjelp
- Toalett/Handicap-toalett/Stellebord
- Mat og drikke
- Sitjeplassar
- Ladeplassar
- Dagligvarer
- Overnatting
Kvar er Hellesylt?
[wpgmza id=»1″]
Hellesylt er sentrum i bygda Sunnylven som ligg i Stranda kommune på Sunnmøre. Hellesylt ligg i enden av Sunnylvsfjorden, og er knytta til den litt meir kjente Geirangerfjorden. Frå Ålesund tek det omlag 2 timar å køyre, medan det tek omlag 1 t frå Stryn.
Kart over sentrum
Parkering
Parkering under Hellesyltdagane er gratis, men det kan bli folksomt, so vi oppfordar til å vere tidleg ute, fylle bilen med passasjerar, vise hensyn og varsemd. Det fyllast fort opp i sentrum, med parkeringsplassar kan finnast ved Formvac og utover i retning fotballstadion.
HUSK å ta hensyn til OMKJØRINGSRUTA, det kan bli trangt for bussar som skal kjøre der!!
Omkjøring
Sidan vegen blir steng fredag kl: 18.30 til søndag kl: 17.00. Setter vi opp omkjøring, dette blir skilta på førhand.
Blå stripene på kartet nedom viser omkjøringa.
Førstehjelp
Raude Kross vil ha ein eigen stand og vil vere tilgjengeleg på dagtid frå kl. 10.00 og utover laurdag og søndag.
Ved alvorleg sjukdom/skade: 113
Legevakt: 70 26 11 13
Sjå også: Kontakt og beredskap
Toalett/Handicap-toalett/Stellebord
Offentlege toalett er å finne inne på samfunnshuset, og på Hellesylt Ferjekai.
Elles er det toalett for kundar på serveringsplassane Peer Gynt Galleriet, Øcal Pizzabar.
Handicap-toalett er mogeleg å finne på Peer Gynt-galleriet, Hellesylt Boutique og Bar, Samfunnshuset og på Hellesylt Ferjekai
Stellebord: Samfunnshuset ved Handicap-toalett og Hellesylt Boutique og Bar.
Sitjeplassar
Ved utescena i sentrum er sett ut et stort antal benkar, men det kan løne seg å vere tidleg ute ved særskilt behov for sitjeplass.
Mat og drikke
Serveringsstader:
– Servering av lokal grillmat ved utescena
– Servering av rjomegraut inne på samfunnshuset
– Øcal Café og Pizzabar
– Hellesylt Boutique og Bar
Daglegvarer
Coop Marked Hellesylt
Åpningstider:
Fredag: 08:00 – 21:00
Laurdag: 09:00 – 19:00
Søndag 09:00 – 18:00
Joker Hellesylt
Åpningstider
Fredag: 09:00 – 20:00
Laurdag: 09:00 – 18:00
Søndag 12:00 – 18:00
Overnatting
Villa Norangdal
Villa Norangdal er et Boutique Hotell i Norangsdalen med unik innredning og spennende historie. Hotellet er 10,8 km frå Hellesylt sentrum og tek omlag 13 minutt å køyre til og frå med bil.
Villa Norangdal har 6 doble rom.
Tek ein turen gjennom huset vil man få med seg designhistorien fra Jugendstilen i 1900, Art Deco i 1920/1930, Scandinavian Design i 1950 og Space Age i 1960. Her er internasjonale designikon blanda med klassikere frå det sunnmørske møbeleventyret. Bygget med 40 kroner i støtte fra DNT i 1885, stengt i 1965 og gjenåpnet i 2007 som distriktets eldste trehotell.
http://norangdal.com/om-oss/
Stadheimfossen Camping
Stadheimfossen Camping & Hytter ligg ved korsbrekkeelva, ei lakseelv kjent for fiskeentusiastar, og kan tilby:
– Plass til telt/caravan, sanitæranlegg og eige rom med kokemoglegheiter, vaskemaskin, tørketrommel og stellebord.
– Campinghytter for 4 personer på 12 m² og veranda.
– Høgstandarhytter: 5 stjerners hytter som stod på Lillehammer under OL. Hyttene er 60 m² + veranda på 20 m². Det er sengeplass til 6 personar fordelt på 2 soverom. I tillegg er det også ein dobbel sovesofa på stua ved behov. Totalt plass til 8 personar.
Hellesylt Camping
Hellesylt Camping ligg idyllisk til heilt nede ved fjorden med eiga brygge og småbåthavn, med panoramautsikt til over 100 cruiseskip som besøker Hellesylt kvar sommar. Campingplassen ligg nær sentrum, likevel avskjerma og roleg, og med sanitæranlegg med tilgang til wc, dusj og klesvask.
Hellesylt Camping kan tilby plass til campingbilar, campingvogner og teltplassar med tilhørande sanitæranlegg.
http://www.hellesyltturistsenter.no/
Overnatting utanfor Hellesylt:
Geiranger (45 min med ferge)
Stranda (30 min med bil)
Sykkylven (60 min med bil)
Ålesund (2 t med bil)
Hornindal (30 min med bil)
Stryn (60 min med bil)
Overnatting kan du få hjelp til å finne mellom anna her:
http://www.visitalesund-geiranger.com/no/overnatting/