World Base Race (WBR) arrangerer konkurranse i Sunnylven 5. og 6. juli som ei kvalifisering før sjølve verdsmeisterskapen i Innfjorden i Rauma 10. og 11. juli.
– Spektakulær natur
– Utsprangstaden Helsetkopen, er ein fantastisk stad å flyge vengedrakt ifrå med spektakulær og utfordrande natur på alle kantar. Staden blir rost opp i skyene av både utanlandske og nasjonale hopparar, og kombinert med den hyggelige og trivelege atmosfæren vi opplever på Hellesylt var det ikkje lett å seie nei til arrangementet ifjor, seier Ivar Brennhovd til Sunnmøringen.
Brennhovd er dagleg leiar for Friluftslek AS på Åndalsnes, og ansvarleg for WBR-arrangementet. Lokalt har dei mellom anna kontakt med Endre Frøysa, Fredrik Stadheim og Sommardagar på Hellesylt.
Positivt samarbeid med lokale
Brennhovd opplever at dei frivillige i lokalsamfunnet frå første dag i 2010 har vore svært positivet og stilt opp med ei skikkeleg dugnadsånd for å få gjennomført konkurransen som ein del av sitt eige arrangement.
SJÅ VIDEO HER FRÅ WORLD BASE RACE PÅ HELLESYLT I 2012