Arne Ringdal inviterer til ny gatevandring frå kaia, 27 år etter fyrste gatevandringa under Hellesyltdagane. Oppmøte på kaia laurdag 5.juli kl 14.30

I 1998 starta Arne Ringdal med gatevandring, nærmast ei historiebok frå Hellesylt sentrum.

Heile ni år, frå 1998 og framover kom Arne Ringdal, lærar ved Sunnylven skule med gatevandring gjennomført Hellesylt sentrum og med «episoder» frå liv og virke i bygdebyen.
I år tek han fatt på nye vandringar og startar på Hellesylt kai igjen. Det blir den tiande historievandringa, seier han.
Det at han startar på kaia igjen, 27 år etter fyrste gatevandring skuldast at nye generasjonar har kome til og ikkje kjenner til dei mange hendingane opp gjennom åra igjennom Hellesylt, seier han. No har han også notert ned mykje som han ikkje har presentert før.

Laurdag 5. juli inviterer han interesserte til oppmøte på kaia. Han vil fortelje om livet her frå gamle dagar og fram til i dag, ei historie med både gamalt og nytt frå kaia og til Hellesylt bro. Lenger trur han ikkje han rekk på timen han har avsett denne gongen.

Her vil han fortelje om båtar som la til, om eit viktig knutepunkt mellom land og sjø før Ljøvegen kom. Her var det mykje trafikk av folk, bilar, dyr og gods, det blir litt om Grand Hotel som ligg ved kaia, ein kafe, om «Sølvbuda», og ikkje minst om meieriet som var ein stor arbeidsplass på Hellesylt.
-Der kom det mykje nytt blod til Hellesylt, seier Arne Ringdal som også vil innom jubileumsåret for krigen med hendingar på kaia, og Grand Hotel som var bustad for tyske soldatar under andre verdskrig.

Ringdal skulle også ha teke med om badehuset og badestranda, og dei to gardsbruka, Knutbruket og Magnusbruket. Men det trur han ikkje han rekk å ta med denne gongen. Badehuset med stupetårn og alt som har skjedd der får kome ein annan gong, seier han.

Gatevandringa startar ved Hellesylt kai kl. 14.30 laurdag 5. juli.