
Hellesyltløpet har start og mål på Hellesylt stadion, eit sportsarrangement som har blitt arrangert årleg heilt frå då sommardagar på Hellesylt tok til i 1987.
Løpet har fire klasser, for jenter og gutar opp til 16 år, og for damer og senior i junior og seniorklasse.
Løpet går på fleire typer underlag, på grus, asfalt og på grasbakke og er ca. 1600 meter for dei to yngste klassene, og 6.6 km for damer og senior.
Hellesyltløpet har alltid mange deltakarar, opp mot hundre til saman i dei fire klassene. Det har blitt ein populær konkurranse der unge og eldre stiller på, både topptrena og mosjonistar, og alle får premie av arrangøren.
Løyperekordar for dei to yngste klassene er litt usikre då løypa har blitt endra fleire gonger. Men for seniorklassene er løypa den same, og her har bestetida blitt endra fleire gonger.
Fyrste rekorden for menn senior sette ein engelsk løpar i 1996. Tida veit vi ikkje, men rekorden stod i mange år, heilt til Helge Hafsås, Olden IL sprang på 22.22.
I 2007 kom Kristian Nedregård, Spjelkavik IL i mål på ny bestetid 21.47, ei rekordtid som stod til 2012 då Oslo-klubben Lyn ski hadde treningssamling i Sunnylven. Her stilte mange løparar til start i Hellesyltløpet og det var fleire frå klubben som pryda fyrste side av resultatlista det året.
Løpet vart også omtala av Sunnmørsposten under overskrifta «Lyn-nedslag i Hellesyltløpet».
Ein av dei mange gode langrennsløparar i klubben var Anders Mølmen Høst som sette ny løyperekord i det 6.6 km lange løpet med 21.16.
Året etter var Oslo-klubben på ny treningssamling på Hellesylt og då kom Henrik Bakke i mål til siger og eitt sekund betre enn rekorden frå året før. Tre år seinare kom så Joar Andreas Thele frå same klubb og sette ein fantastisk rekord som framleis står for Hellesyltløpet. Tida vart 20.36.
Løyperekorden for kvinner har Kjersti Fresvik, Gular på sterke 24.12. Også den rekorden vart sett i 2016 og ho kom i mål nesten minuttet før Hilde Lauvhaug , Lyn ski, si rekordtid frå fire år tidlegare på 25.02.
Hellesyltløpet har hatt mange gode idrettsmenn og kvinner til start opp gjennom åra, både norske og internasjonale. Også olympiske meistrar i langrenn har delteke, som Simen Hægstad Kruger og Hans Christer Holund, begge frå Lyn ski.
Også mindre kjente, men gode løparar har delteke i Hellesyltløpet. Ein er Odd Arild Dale, «mister Hellesyltløpet» frå nabofylket i sør. Han har delteke alle gonger løpet har blitt arrangert, til og med eitt år med sterk forkjøling i kroppen. Eit anna år avslutta han fisket i ei god lakseelv nær Førde for å delta. At han har markert seg godt i det tradisjonelle løpet er liten tvil om. Det har blitt løyperekord og fleire sigrar, og med ei personleg bestetid på rundt 24 minutt.
Arrangøren håper sprekingen frå Førde stiller til start i Hellesyltløpet også laurdag 5. juli 2025.
-Vi har mange gode og trufaste hjelparar, så dette skal bli eit nytt, godt arrangement med premie til alle som deltek, seier leiar i Sunnylven IL friidrett, Per Svein Hole.
Hellesyltløpet blir lagt ut på terminliste for friidrett og går laurdag 5. juli med start klokka 15.00. Det er inga førehands påmelding, alle melder seg på same dag som løpet går mellom klokka 13.00 og 14.00, seier Per Svein Hole.