Mange lokale aktørar på utescena under Hellesyltdagane 2025

Det er mange dyktige og erfarne aktørar frå Sunnylven og fleire av dei kan du oppleve frå utescena både laurdag og søndag under Hellesyltdagane.

Fossedur

Fossedur er kjent for mange lokalt i Sunnylvsbygda, og dei opptrer jamt og trutt på lokale scener og Hellesyltdagane er ikkje noko unntak. Med stor variasjon i repertoaret og både norske og utanlandske melodiar får dei alltid rockefoten til å gå med sine fengande melodiar. Tre av medlemmane er lokale, medan dei i år har fått med seg to gjesteartistar, Britt Elise Skram på fele og Leiv Prestvik på mandolin og vokal. Fossedur opptrer søndag 6.juli.

Gjesteartistar; Britt Elise Skram og Leiv Prestvik

Britt Elise Skram kjem frå Vestnes, og har tradisjonsmusikken frå Møre og Romsdal som sitt hovudfokus. Ho er utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Ho er fast spelemann for Romsdalsmuseets leikarring, og opptrer ofte som solist i små og store samanhengar. I 2023 mottok ho Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend og i mai 2024 kom soloalbumet DÅM – som vart nominert til Spellemannprisen i klassa for tradisjonsmusikk. Ho skal også spele eit par solostykker på utscena.

Leiv Prestvik er mannen som starta Vømmøl Spellemannslag saman med Hans Rotmo. Der var han kjent som karakteren Birger Skruddusvingen. Han har spelt i mange ulike band, mest på el-bass men også på mandolin.

Knut og Lars Helge Hanssen

Far og son, Knut og Lars Helge Hanssen, tek med seg gitarane til utescena søndag og vil spele eit flott knippe låtar for publikum før Andesleppet. Knut har reist rundt og underheldt ein mannsalder med ulike orkester og spelt opp til dans, bryllaup og ulike arrangement. Etter kvart fatta Lars Helge interessa for gitaren og fekk lære å spele av far sin. Dette gjekk såpass bra at han ved nokre anledningar fekk vere gitarvikar i sjølvaste Knut Ingvalds. Dette er lenge sidan no, men begge har heldt på musikkgleda heile livet. Dei gler seg til å få lov å dele scene på Hellesyltdagane. Dei vil dele både country og sjølvskrivne viser med besøkande på Hellesyltdagane og ser fram til å opptre. Det er ikkje ofte desse to opptrer saman på Hellesylt, så dette trur vi blir ei kjekk oppleving.

Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide

Kristin Storstein er ei kjent og kjær songarinne i Sunnylven. Med si vakre songstemme og blide vesen er vi alltid glade for å sjå og høyre Kristin opptre. Med Gunnar Inge Eide på piano ser vi fram til eit nydeleg musikalsk augeblikk under Hellesyltdagane også. Kristin opptrer på utescena laurdag 5.juli.

Kulturskulebandet

Hellesylt har fleire unge talentfulle musikarar og dette bandet samansett av elevar ved Stranda Kulturskule er nokre av dei. Bandet har opptredd ved fleire anledningar allereie og spelar variert musikk. Trygt leia av kulturskulelærar Erik Torset vil bandet opne programmet på utescena laurdag 5. juli.  

Barneleikarringen

Leikarringen består av barn i alderen 7-12 år. Dei øver ca. ein gong i veka heile våren og hausten. I haust deltok dei både på Sjokoladekappleik på Blindheim og dansestemne i Fiskå. Elles arrangerer dei generasjonsfest kvar haust og dansar på 17. mai og på div. arrangement. Med stor iver, engasjement og rytme har dei unge dansarane lang erfaring med danseoppvisningar allereie. Hellesylt Ungdomslag sin eigen barneleikarring opptrer på utescena søndag.