Kyrkjekonsert med Christel Alsos i Sunnylven Kyrkje kl 20.00.

Sunnylven kyrkje har vore vertskap for mange store artistar opp gjennom åra og spesielt i samband med kykjekonserten under Hellesyltdagane fredag kveld.

I år får kyrkja frå 1859 besøk av Christel Alsos, som er ein norsk låtskrivar, vokalist og pianist frå Fauske i Nordland.

Christel Alsos (f. 1984) blir rekna for å vere ein av Noregs mest respekterte artistar, kjent for sin unike vokal og evne til å formidle djup følelse i kvar tone. Med kritikarroste album, samarbeid med fleire kjende artistar og konsertar som skapar magiske augeblikk, har ho verkeleg forsterka sin posisjon i norsk musikk.

I over 15 år har Christel Alsos trollbunde publikum med si unike stemme og djupe kjenslemessige formidling. Ho debuterte i 2007 med albumet Closing The Distance, som etablerte henne som ein av Noregs mest framtredande artistar. Med sin særeigne vokal og melankolske melodiar fanga ho raskt hjarta til både kritikarar og publikum.

I eit intervju med United Stage har Christel sagt, «Hver låt jeg skriver eller tolker, har vært et forsøk på å oppdage, forstå sider ved meg selv, mine nærmeste rundt meg og å sette ord på hvordan verden oppleves. Fortelle historier som får oss til å stoppe opp litt i alt som surrer rundt konstant. Og forhåpentligvis bli minnet på at flere føler det på samme måte, og dermed tette igjen litt av avstanden mellom oss.»

Gjennom fem soloplater, tre Spellemann-nominasjonar og ei imponerande rekkje av prestasjonar har ho etablert seg som en av Norges mest skatta liveartistar. Nokre av hennar mest kjende songar er «Come Back to Me», «Found» og «Her e æ» som er ei tolking av Trang Fødsel sin låt frå programmet Hver gang vi møtes.

Ho har posisjonert seg som ein stor og populær julekonsertartist der «Desember», «Mitt hjerte alltid vanker» og «Nordnorsk julesalme» alltid er på repertoaret.

Kjent som «den store stemmen frå nord» fortset Christel Alsos å bevege publikum med sin klare vokal og sitt sterke nærvær.

Det blir ei vakker stund når Sunnylven kyrkje signerer nok ein stor artist til kyrkjekonserten på Hellesyltdagane 2025, fredag 4. juli.

Billettar kjøpast på Tikkio eller i døra.

Kirkekonsert med Christel Alsos | Tikkio

Prisar:

Voksen kr: 525
Barn kr: 325

Billettar på tikkio er inkludert avgift.