Hellesyltdagane 2026 nærmar seg!

Vi gler oss til å kunne ønskje deg velkomen til nye Hellesyltdagar første helga i juli, 3.-5. juli 2026! Planlegginga er godt i gang og tradisjonen tru vil du kunne få med deg både kyrkjekonsert, stands, program frå utescena, Hellesyltløpet, feststemning i teltet og det store Andesleppet.

Påmeldinga til stands er godt i gang, og du kan melde deg på i skjema her: Stands

Gjengen med ansvar for programmet på utescena rapporterer også om mykje spennnande og kjekt program i år, og vi kan røpe at det garantert blir noko både for små og store. Vi høyrer blant anna rykter om at karen med ansvar for 110 kjem på besøk med dans og musikk også i år!

I år blir det eit litt mindre partytelt på Hægstad parkeringsplass, men ikkje noko å seie på partystemninga likevel. Det blir både musikk og dans fredag og laurdag, og laurdag blir det heile to band i teltet. Følg med for meir informasjon om billettar og artistar.

Vi håper du ønskjer å tilbringe gode sommardagar med oss på Hellesylt i starten av juli, og garanterer som alltid strålande stemning og fint ver! 🙂