Start helga med bootcamp på badestranda

Føler du deg litt ekstra sporty kan du tjuvstarte Hellesyltdaghelga friskt med ein ekte svettefest.

Hege Ringdal er ein sprek Sunnylving som har lang erfaring med å gjennomføre treningsøkter for ulike nivå. Ho inviterer alle som ønskjer, til å delta på ei bootcampøkt på Hellesylt badestrand torsdag 2. juli kl. 19.00

Bootcamp er ei god blanding av styrke- og uthaldenheitsøvelsar som tilpassast alle nivå. Dette er ei kreativ og morosam økt der du sjølv regulerer intensitet og vansklegheitsgrad på øvelsane. Alt du treng er ei matte eller eit sitteunderlag. Ta med noko å drikke.

For dei som ønskjer, kan ein ta seg eit forfriskande bad i fjorden i etterkant. Informasjon finn du også i arrangementet på facebook:

Bootcamp på Hellesylt Badestrand | Facebook