Det blir gatevandring i Hellesylt med Arne Ringdal også i år under Hellesyltdagane. Det starta på kaia i fjor, og i år er attersynet kome over brua og huset til Ungdomslaget.

Arne Ringdal planlegg ny gatevandring under Hellesyltdagane, eit tilbakeblikk på Hellesylt Ungdomslag sitt Fossedur, lagshuset som baud på det meste av underhaldning og møter.
I fjor starta Ringdal på kaia og kom seg over Hellesylt bro. I gata her stod ungdomshuset Fossedur, nyoppussa i 1926 og hadde feira 100 år om det hadde stått i området like ved brua. Ringdal trur det vart rive ein gong på 80-talet då Sunnylven sparebank, seinare Sparebanken Møre fekk tomta. Under Hellesyltdagane får vi eit tilbakeblikk av den tidlegare læraren, no lokalhistorikar Arne Ringdal om mykje av det som rørte seg i det store to-etasjer bygget.
«-Fossedur vart ferdigstilt i 1926 og i Hellesylt Ungdomslag sine skrifter, i møteprotokollar og lagsavisa Fram kan ein lese om mange aktivitetar av eigaren. Og det vart leigd ut til fleire, det vart eit møtelokale for alle lag i Sunnylven, til skulehus, bryllaup, til Frøsøye konfeksjon, til Sunnylven samyrkelag som bygde ny butikk i 1963, og det var kaserne for tyske soldatar under krigen», fortel Arne Ringdal mellom anna. Han har også lese seg til at etter krigen, kring 60-talet var ei tysk ungdomsgruppe på besøk på Hellesylt og med samling og moro på Fossedur.
Elles huskar Arne at der var mykje folkedans og leikøvingar i huset, heile 30 øvingar eitt år har han lese.
Arne Ringdal vil også lese frå gamle segn, om gamlehuset til ungdomslaget som låg oppe på Brautene, og om 13-dags basar. Han har også fleire morosame historier han har fått seg fortalt, men også andre som ikkje eignar seg på trykk.
I 1976 vart det feira stort 50-års jubileum, men nokre år seinare vart huset rive for å gje plass til andre bygg i bygda. «Det var ein samlingsplass for alle, både gutar og jenter, rett ei storstove i bygda», seier Arne Ringdal.
Laurdag 4. juli etter at programmet frå utescena er ferdig samlar han tilhøyrarar på plassen like ved bankbygget til tre kvarters mimrestund om liv og røre i og kring Fossedur, om lag på tomta der Fossedur stod.