Den engasjerte dirigenten frå NRK programmet «Demenskoret», Kim Wigaard, skal halde konsert i Sunnylven kyrkje under Hellesyltdagane i år.

Foto: Pernille Solås
Kim Wigaard frå Oslo, er utdanna opera- og musikalsanger frå Manhattan School of Music i New York, Norges Musikkhøgskole og Kunsthøgskolen i Oslo. Han har stått på scener som Den Norske Opera og Ballett, Off-Broadway i New York og vore solist for eit utseld Oslo Konserthus.
Songar, korleiar, coach og programleiar, Kim Wigaard, er ikkje berre kjent for å leie Demenskoret, men også kjent som vinnar av Stjernekamp 2025, vinnar av Maskorama 2024, og for sine deltakingar i Melodi Grand Prix, The Voice, Idol og Beat for Beat.
Kim er eit unikum innan song og musikk, og han har ei eksepsjonell evne til å variere mellom svært mange ulike sjangrar. Våren 2026 markerte Kim Wigaard seg som artist med ein eigen turné saman med bandet sitt. Wigaard er også songlærar for fleire av Noreg sine største artistar, som blant anna Marcus & Martinus, Sandra Lyng, eMMA, Sondrey og HKEEM for å nemne nokre.
Hausten 2023 kom Kim Wigaard ut med boka si «Musikkens magi – om demenskoret, livsglede og sangens kraft». Her deler han raust frå sine eigne oppturar og nedturar med musikken, om korleis det å ta song- og pianotimar, blei vegen til musikkutdanning, ei gryande musikkarriere og eit liv fylt av musikk – noko som alltid har vore hans store draum. Som pårørande har Kim kjempa for demenssaka i fleire år og er ein pådrivar for eit meir demensvenleg samfunn og ei forbetra eldreomsorg.
Det blir ei sterk og kraftfull stund når Kim Wigaard besøkjer Sunnylven kyrkje fredag 3. juli under Hellesyltdagane. Med si vakre stemme og store register er vi sikre på at dette blir ei oppleving du ikkje vil gå glipp av.
Billettar i sal på Tikkio, på butikkane i Hellesylt sentrum og i døra.