Marie i Denne Stranda opnar dagane frå utescena

Marie Kvalsnes Nygård er dagleg leiar i Denne Stranda AS, eit utviklingsselskap som jobbar for å skape bu- og skapelyst i heile Stranda kommune.

Marie flytta til Stranda for eitt år sidan og skriv til Hellesyltdagane avisa at ho er svært imponert over kor mykje kjekt som skjer rundt om i bygdene i kommunen, og at Hellesyltdagane er eit godt eksempel på det.

Gjennom jobben i Denne Stranda får ho møte mange i lokalbefolkninga og næringslivet som er med på å skape verdiar og engasjement i bygdene våre. Marie viser til at også Hellesyltdagane og alle involverte er viktige bidragsytarar til at vi har eit inkluderande og levande lokalsamfunn.

«Det er eit par år sidan eg deltok på Hellesyltdagane for første gong, og eg vart veldig imponert over kva ei lita bygd får til. Her er det spennande artistar, lokalt løp for alle nivå, god mat og ikkje minst det artige andesleppet. Det er kjekt å sjå at Hellesyltdagane samlar folk i alle aldrar, og at det er noko kjekt å finne på for alle.

Eg er utruleg takksam for å bli invitert som æresgjest, og gler meg veldig til å vere med på opninga saman med dykk», skriv ho i helsinga til Hellesyltdagavisa.