For dei yngste og heile familien!

Det blir mykje variert og kjekk underhaldning for born og familiar under Hellesyltdagane! Her kan du lese om noko av det du kan oppleve og når.

Barnediskotek: 8. klasse ved Sunnylven skule inviterer til barnediskotek i festivalteltet ved Hægstad fredag ettermiddag 3. juli kl. 16.30. Alle born på 1. -10. trinn er velkomen til ein ettermiddag med musikk, dans og snacks.  Arrangementet varer til cirka kl. 18. Billett ved inngang.

Hoppeslott: Ved Sunnylven skule blir det blåst opp eit svært hoppeslott. 9.klasse ved Sunnylven skule vil ha ansvaret for aktiviteten. Hoppeslottet vil vere opent både laurdag og søndag, men er litt ver avhengig.

Ballongtwist med Torkel: Det blir ballongfigurar for borna både laurdag og søndag når Torkel frå Stranda kjem til Hellesyltdagane med sin Ballongtwist! Her kan du få ballongar i alle variantar og fargar og Torkel kan lage dei mest utrulege ballongfigurane. Du finn han på stand i sentrum i nærheita av Andestanden.

Trikseskule og konkurranse med Erlend Fagerli: Etter showet på utescena laurdag 4. juli ca. kl. 13.30 inviterer Erlend til trikseskule og triksekonkurranse på skuleplassen der ein kan vinne premie. Det vil også vere mogleg å få autografar og bilete med han.

Sjongløren Sergio: Sjongløren Sergio skal ha show på utescena søndag 5. juli, men du kan også delta på workshop frå ca. kl 14.30 på skuleplassen der alle som vil kan få prøve og lære forskjellige sirkustriks. Han har med seg enhjuling, og med sjonglering, ablegøyer, balanse og triks er dette eit show for heile familien!

Bjørnis: Den svært populære brannbamsen Bjørnis kjem på besøk til Hellesylt. Han skal synge og danse på utescena søndag 5. juli. Det vil bli moglegheit for å møte Bjørnis i etterkant for å ta bilde. Du har framleis tid til å øve inn Bjørnis-dansen før Hellesyltdagane!

Hesteriding: Hingarden stall kjem til Hellesyltdagane søndag 5. juli med to hestar og tilbyr hesteriding.Dette skjer mellom kl. 12-15. Det kostar 50kr for ein ridetur. Du treng ikkje ha erfaring med riding frå før.