Kjend og erfaren programleiar på utescena     

Den kjende lokale journalisten Bibbi Kjølås har takka ja til å leie programmet frå utescena under Hellesyltdagane i år.

I år som tidlegare år, skal det vere eit variert program frå utescena midt i Hellesylt sentrum både laurdag og søndag under Hellesyltdagane. Med lang erfaring frå journalistikk, radio og TV er vi sikre på at programleiarrolla er i trygge hender med Bibbi ved mikrofonen. Ho vil på sin kjende og engasjerande måte presentere innslaga publikum får sjå og høyre denne helga.

Bibbi Kjølås er opphaveleg frå Stranda og har god kjennskap til Sunnylvsbygda og Hellesyltdagane. «Eg gler meg stort til å kunne bidra på Hellesyltdagane. Det blir kjekt å få innblikk i det rike kulturlivet i bygda, og ikkje minst oververe det segnomsuste andesleppet. Det har blitt sagt at det alltid er finever på Hellesyltdagane, så eg kryssar fingrar for at det gjeld også i år. Og alt no kan eg vel seie at eg kjem til å bestille ein dobbel latte på Hellesylt Boutique & Bar når eg kjem til bygda.», skriv Bibbi til avisa.