Ei reise tilbake i tid med Borgny Molvær på Kulturbedehuset

Stranda Mållag og Kulturbedehuset ønskjer velkomen til ei interessant stund på Kulturbedehuset søndag 5. juli under Hellesyltdagane.

Borgny Molvær (født i 1929 – snart 97 år gamal) var fødd og vaks opp på den fråflytta fjordgarden Seljeflot i Oaldsbygda.

Borgny sine foreldre var Anders Olaus Arneson Seljeflot og Inga Knutsdotter Stokke.

Borgny vil i samtale med Asbjørn Tryggestad fortelje om barndommen og oppveksten sin på denne fjordgarden saman med sine 3 yngre sysken Arne, Knut, og Edna.

Som eldst i syskenflokken måtte Borgny både ta tidleg del i, men hadde også ansvar for, ulike arbeidsoppgåver på garden. Utanom å passe dei yngste syskena sine, måtte ho vere til hjelp både i fjøsstellet, husarbeidet som matlaging, arbeid med klede, arbeid og overnatting åleine  på sætra om sommaren allereie frå ho var om lag 12 år.

Dette og mykje, mykje meir vil ho fortelje om i samtale med Asbjørn og med innslag av musikk med den kjente Sulamusikaren Askjell Molvær på piano.

Borgny Molvær er spesielt opptatt av, og vil legge vekt på, kvinnene sitt ansvar og viktige oppgåver på fjord- og fjellgardane langs Storfjorden på den tida slik ho minnest det frå tidleg på 1930-talet og fram til dei flytta til Eikrem på Sula i 1948.

Du kan få med deg dette spanande arrangementet på Kulturbedehuset søndag 5. juli kl. 14.00.

Billettar kostar 250kr og kan kjøpast ved inngangen. For medlemmar i Mållaget kostar billetten 200kr.