Mounir El´Mourabit vaks opp i Sunnylven, men bur til dagleg i Volda. Han er tilbake på Hellesyltdagane og til festivalteltet fredag 3. juli.

Til Hellesyltdagane skriv Mounir at han alltid har vore interessert i musikk og at det heile starta på Tronstad Grendahus i 5. eller 6. klasse. «Eg vart ofte sittande å bytte kassettar for å spele dei beste låtane. Etter kvart forhandla eg avtale med dåverande drivar av Grand Hotell på Hellesylt om å køyre ungdomsdisco. Dette la grunnlag for å kunne drive med dette i større stil.»
Den «profesjonelle» DJ-karriera starta då han vart 18 år og kunne køyre land og strand rundt. Sidan då spelte han i over 20 år på klubbar mellom Kristiansund og Florø, men også i Oslo og på diverse events i Noreg. Etter ei pause på 8-9 år vart han overtala til å gjere comeback, i alle fall for ein kveld, på TIK Café & Restaurant i Ørsta. Dette vart ein suksess som førte til at han heldt fram med spelinga. Mounir seier at han vel sine oppdrag med omhu. «Motivasjonen er å ha det gøy! Dersom ein ikkje får glede av å drive med noko, skal ein heller ikkje gjere det.»
Mounir beskriv musikkstilen sin som at han alltid prøver å skape god stemning. «Eg likar å blande gamalt med nytt og de får typisk høyre mykje musikk de har høyrt før, men kanskje i heilt ny drakt, og miksa saman med laser-presisjon!» Han gler seg til å komme tilbake til Hellesyltdagane i år igjen, og håpar enno fleire enn i fjor ønskjer å ta turen til festivalteltet.
Vi gler oss til å ønskje han og alle danseglade tilreisande og heimebuande i Sunnylven velkomen tilbake i teltet fredag kveld!