Hellesyltløpet 2026 – løpet for alle!

Laurdag 4. juli klokka 15.00 blir Hellesyltløpet arrangert for 39. gong. Start og innkomst er på Hellesylt stadion og arrangør er Sunnylven Idrottslag.

Hellesyltløpet er fast arrangement under Hellesyltdagane. Løpet blir arrangert for damer og menn, og born i alder opp til 16 år. Løpet har blitt arrangert og er like gamalt som arrangementet Sommardagar på Hellesylt, no Hellesyltdagane. Arrangøren håper Hellesyltløpet blir rikt på deltakarar også denne gongen.

For dei yngste klassene er løpet ca. 1600 meter og går i området kring Hellesylt stadion. For kvinner og menn er lengda på løpet 6.6 km og går på både landeveg med grus, asfalt og på grasmark. Løpet har mykje flatt terreng, men stigninga mot garden Stadheim kan vere tøff, ei styrkeprøve på kondis og uthaldenheit.

Mot garden Stadheim stig løypa nær 60 høgdemeter, noko som krev mykje av løparane. På løypa sitt høgaste punkt er terrenget flatt eit par hundre meter, før det går unna heilt tilbake til Hellesylt stadion

Mange store namn har delteke, mellom dei «meister Hellesyltløpet», Odd Arild Dale frå Førde IL. Han har stilt i alle løp unnateke eitt, også det året løpet vart avlyst grunna korona. Dale stilte opp og sprang den 6.6 km lange løypa på litt over halvtimen. Tidlegare har Dale gjort unna Hellesyltløpet på rundt 24 minutt og han har vunne det fleire gonger. Arrangøren håper han kjem tilbake også denne gongen.

Løyperekordar blir også notert. For den korte løypa for dei yngste er rekorden litt usikker då der har vore visse endringar av start og innkomst. For seniorar har rekorden blitt forbedra fleire gonger, frå 22.22 av Helge Havsås til 21.47 av Kristian Nedregård i 2007.
I 2012 kom Oslo-klubben Lyn ski med fleire løparar på treningssamling i Sunnylven. Dei stilte på i Hellesyltløpet og då vart rekorden flytta til 21.16 av Anders Mølmen Høst. Den vart forbetra av klubbkollega Henrik Bakke året etter til 21.15, før Joar Andreas Thele gjorde eit kjempeløp i 2016 på 20.36. Denne tida står enno som rekord for menn senior.

Det same gjer rekorden til Kjersti Fresvik, Gular på 24.12 frå same året. Då sletta ho Hilde Lauvhaug, Lyn ski si rekordtid på 25.02 frå fire år tidlegare. Løyperekorden for gutar har Magnus Seljeset, Hornindal på 5.02, og for jenter er det Sara Sæther som har bestetid på 5.38.

Hellesyltløpet har hatt mange store idrettsnamn til start opp gjennom åra, både norske og internasjonale. Vi nemner OL-meistrar som både Simen Hægstad Krüger og Hans Christer Holund, begge Lyn ski, Oslo. Dei har hatt sterke løp i det tradisjonsrike løpet.

I år går Hellesyltløpet laurdag 4. juli klokka 15.00 med påmelding ved start mellom kl. 13.00 – 14.00. «-Som tidlegare går løpet i den gamle traseen mot Stadheim. Det er påmelding før start og seinast ein time før løpet», fortel nyvald leiar i Sunnylven IL, friidrett/trim Oli-Anne Sjåstad.

På det meste har Hellesyltløpet samla rundt 130 deltakarar, og Oli-Anne håper på like god deltaking i år. Alle blir premierte, lovar leiaren for idrettsfesten på Hellesylt stadion.