Laurdag kveld 4. juli får du heile to band i festivalteltet på parkeringa ved Hægstad Gård. Ausekarane og Harlekin er klare for å skape skikkeleg feststemning for publikum.
Sikre deg billett allereie i dag! Festivalteltet Hellesyltdagane | Tikkio
Ausekarane – ramsalt kystmusikk på fullt!
Det er ikkje utan grunn at Ausekarane – med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen – har herja revy- og konsertscener rundt på Vestlandet i ei årrekkje. For dette er fengjande musikk, reinspikka moro, ein god porsjon galskap, og ikkje minst eit band med fantastiske musikarar.
På skryteveggen står kåring som Bergens beste sceneoppleving i 2010, 1. plass på VG-lista med albumet «Farande fant», Platinatrofé for «Ausedansen», Gullplate og Spellemannpris-nominasjon for albumet «Ein hau med hitts». Det starta med «Haraball i naustet» på Logen i Bergen.
Ausekarane gjorde stor suksess med musikk-kabareten som var basert på kysttrubaduren Johannes Kleppevik sine songar og ramsalte tekstar. Sommaren 2008 vart førestillinga tatt med ut i sitt rette element; På fjorden og frå kai til kai på Vestlandet. Først med ferja «Showboat» og seinare med ferja «Showtime» under slagordet «Ikkje reis te byd’n, me kjem te deg». Dette vart ein gedigen slager med skamros frå både folk og media.
Sidan den gong har det gått slag i slag med konsertar, turnear, show, album- og DVD-utgjevingar. Alle medlemmane i Ausekarane er frå Strilelandet, så nær som Tor Endresen som er einaste bergensaren på laget. Men han er så godt inne i strilekulturen at han eigentleg kunne søkja om å bli forfremja til stril.
Harlekin – norsk countryrock med trøndersk sjel!
Like etter Ausekarane er Harlekin klare til å ta scena under Hellesyltdagane.
Harlekin er bandet som sett fyr på ei kvar scene med si unike blanding av country, rock og norske tekstar. Med røter i Malvik og Stjørdal har gjengen frå Trøndelag skapt eit sound som treff både hjartet og dansefoten – og publikum elskar det!
Med over 20 millionar streams og to album i bagasjen, «I andre rekke» og «Bøgdafest», har Harlekin etablert seg som eit av Noreg sine mest spennande liveband. Dei leverer rå energi, ekte historier og låtar som får heile bygda til å synge med.
Med over 30 jobbar i året på ulike countryfestivalar og festlokale er dei mykje på vegen og trivs best på scena framfor eit engasjert publikum som bidreg til full fest og ekte musikkglede!
Bandet består av:
- Tore Rønsåsbjørg – vokal, gitar
- Vegard Fossen – gitar/steelgitar, kor
- Håvard Wenås – tangenter, kor
- Adrian Vikan – trommer, kor
- Edvin Matthieson – bass, kor
- Roy Betten – akustiske gitarer, kor
Du kan kjøpe billett til Ausekarane og Harlekin i festivalteltet på tikkio.no.
Festivalteltet Hellesyltdagane | Tikkio
Prisane (inkl. avgift til Tikkio) for festivalteltet er:
Helgepass 716kr
Laurdagspass 579kr
Fredagspass 302kr
Vi gler oss til å ønskje begge to banda velkomne til Hellesylt og Hellesyltdagane og ser fram til skikkeleg trøkk i teltet ved Hægstad gård. Teltet opnar kl. 21 og det er 18-års aldersgrense.

