Andesleppet har blitt ein av hovudattraksjonane under Hellesyltdagane, og det tradisjonelle innslaget er på plass også i 2026.

Søndag ettermiddag når det nærmar seg slutten på Hellesyltdagane trekk dei store publikumsmassene mot Hellesyltfossen. Det er klart for startskotet for dei fleire tusen gule endene som blir sleppt ned frå Hellesylt bru og kranglar om å vere fyrst ned til målstreken. Målgang er som tidlegare etter passering Hellesylt bro og vinnarane blir premiert frå utescena ikkje lenge etter. Dette er eit ekte lotteri, men der blir alltid kåra ein vinnar og kanskje blir det akkurat di and som strekk nebbet lengst fram på målstreken?
Andestanden blir å finne sentralt i sentrum og kjøp av ender under dagane kan gjerast med kontantar eller kort. For dei som ikkje har høve til å komme til Hellesylt denne helga kan ein kjøpe ender ved å vippse. Husk å merke med antal kjøpte ender. Vippsnummer til Andesleppet er 569925. Ei and kostar 75kr.