Utescena midt i sentrum av Hellesylt leverer variert og god underhaldning for heile familien både laurdag og søndag under Hellesyltdagane. Her kan du få med deg både lokale aktørar og besøkande. Det heile blir trygt leia av Bibbi Kjølås.
Sjå her for cirka tider for programmet: Program frå utescena
Kulturskulebandet
Hellesylt har fleire unge talentfulle musikarar og dette bandet samansett av elevar ved Stranda Kulturskule er nokre av dei. Bandet har opptredd ved fleire anledningar allereie og spelar variert musikk. Trygt leia av kulturskulelærar Erik Torset vil bandet opne programmet på utescena laurdag 4. juli.
Line Storstein
Line Storstein er født og har vakse opp på Hellesylt. Ho er tobarnsmor, pedagog og forfattar til fire bøker med kvardagsfilosofi. Alle fire bøkene har kome ut i løpet av dei siste fire åra.
Ord til deg, Fra mitt hjerte til ditt, Det ekte livet og Mamma som kom i februar i år.
Den siste boka kjem frå både hennar eigne og andre sine opplevingar av kor mykje ei mamma må stå i. Det beskriv også det spesielle bandet som veldig mange mødre har til ungane sine, og kor krevjande og belastande det er når ein må stå i tøffe tak og motgang. «-Eg håpar boka kan vere ei trøyst og ei oppmuntring til andre mødre som står i krevjande utfordringar. At orda mine kan bringe fram både en følelse av fellesskap, trøst og av håp», seier Line til Hellesyltdagane. Du kan høyre henne lese frå den siste diktboka og synge frå utescena laurdag 4. juli. Det vil vere mogleg å kjøpe ei bok i etterkant.
Erlend Fagerli
Fotballtriksaren Erlend Fagerli kjem til utescena under Hellesyltdagane laurdag 4.juli! Erlend bur i Volda og arbeider som lege til vanleg. Erlend starta å trikse i 2009 og er heile 10x verdsmeister i fotballtriksing. Han er også verdsmeister i parkonkurranse saman med broren Brynjar og har ei heil rekkje andre utmerkingar. I eit intervju om kva fotballtriksing betyr har Erlend sagt: «– Det å trene, utvikle meg selv og få til det jeg har satt meg som mål! Denne idretten har dessuten gitt meg mye trening i selvdisiplin.» Sjølv om han la opp triksekarrieren offisielt i 2023 vil han vise nokre av sine mest imponerande triks og levere eit show, ikkje berre for dei mest fotballinteresserte, men heile familien frå utescena laurdag 4. juli! I etterkant av showet inviterer Erlend til trikseskule og triksekonkurranse på skuleplassen der ein kan vinne premie. Det vil også vere mogleg å få autografar og bilete med han.
Simon Brune Band
Simon Brune Band er eit bandprosjekt starta av vokalist og frontfigur Simon Brune, som er født og har vakse opp på Stranda. Bandet held til i Bergen, og spelar kraftfull og fengande popmusikk. På ein konsert med Simon Brune Band kan du forvente å kunne danse til fengande, rytmisk musikk. Simon Brune har skrive mange av låtane dei skal framføre sjølv. Ved utescena laurdag kan du synge med på låtar som du både har høyrt før, og på nye låtar som du høyrer for fyrste gong, og ikkje minst drøyme deg vekk i djupe og sjelfulle songtekstar som treff deg rett i hjarterota. Simon Brune skriv til Hellesyltdagane at dei gler seg ekstremt til å få vise fram vakre Hellesylt til det vakre bandet sitt, og ikkje minst å få vise fram det vakre bandet sitt til vakre Hellesylt! Vi ønskjer dei velkomne når dei skal spele på utescena laurdag 4.juli.
Kristen Brenne Ringdal
17-åringen er oppvaksen på Hellesylt og bur for tida på hybel i Volda, der han går første året på vidaregåande innan musikk, dans og drama. Han er tidlegare elev ved Stranda kulturskule. Under tidlegare Hellesyltdagar har han opptredd både med gitaren sin og saman med bandverkstaden i regi av Erik Torset. I år har han teke pianotimar og songundervisning, og vi får høyre han under programmet på laurdag.
Katrine Langlo
Katrine Langlo frå Stranda er låtskrivar og artist med forkjærleik for sterke tekstar og varme melodiar. Tidlegare i år gav ho ut diktsamlinga «Kunsten å danse på Lego», og søndag kl. 13 tek ho turen til utescena – klar for å dele musikk og ord med publikum.
Barneleikarringen
Leikarringen består av barn i alderen 6-13 år. Dei øver ca. ein gong i veka heile våren og hausten. Elles arrangerer dei generasjonsfest kvar haust og dansar på 17. mai og på div. arrangement. Med stor iver, engasjement og rytme har dei unge dansarane lang erfaring med danseoppvisningar allereie. Hellesylt Ungdomslag sin eigen barneleikarring opptrer på utescena søndag 5.juli, først åleine og så saman med Bjørnis!
Bjørnis
Brannbamsen Bjørnis har blitt ein superhelt blant borna. Det var kjempepopulært å få høyre og helse på Bjørnis under dagane i fjor og vi gler oss stort til han kjem tilbake. Bjørnis er opptatt av at born og vaksne har kunnskap om brannsikkerheit og han ønskjer å bidra til at så mange som mogleg veit kva ein skal gjere for å unngå ulykker og brann. Og kva betre måte å gjere det på enn gjennom musikk og dans. Det er berre å øve på songane til Bjørnis for det blir danseshow søndag 5. juli på Hellesylt. Det blir moglegheit til å helse på og ta bilde med Bjørnis etterpå.
Sjongløren Sergio Pilar
Sjongløren Sergio er eit fyrverkeri av ein kar. Han er født og oppvaksen i Brasil og har lært seg fleire av sirkusmanesjen sine kunstnar. Under Hellesyltdagane søndag skal Sergio opptre med show på scena, mingle rundt og ha workshop der alle som vil kan få prøve og lære forskjellige sirkustriks. Han har med seg enhjuling, og med sjonglering, ablegøyer, balanse og triks er dette eit show for heile familien! Sjongløren Sergio er klar for show søndag 5.juli.
Fossedur
Fossedur er kjent for mange lokalt i Sunnylvsbygda. Dei opptrer jamt og trutt på lokale scener og Hellesyltdagane er ikkje noko unntak. Med stor variasjon i repertoaret og både norske og utanlandske melodiar får dei alltid rockefoten til å gå med sine fengande melodiar. Fire av medlemmane er lokale, medan dei i år som i fjor har fått med seg to gjesteartistar, Britt Elise Skram på fele og Leiv Prestvik på mandolin og vokal. Fossedur opptrer søndag 5.juli før Andesleppet.
Britt Elise Skram kjem frå Vestnes, og har tradisjonsmusikken frå Møre og Romsdal som sitt hovudfokus. I 2023 fekk ho Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend og i mai 2024 kom soloalbumet DÅM – som vart nominert til Spellemannprisen i klassa for tradisjonsmusikk.
Leiv Prestvik er mannen som starta Vømmøl Spellemannslag saman med Hans Rotmo. Der var han kjent som karakteren Birger Skruddusvingen.