
Odd Nordstoga er blitt ein kjend og kjær artist for dei fleste og fredag 7.juli kjem han til Sunnylven
kyrkje med fullt band.
Nordstoga frå Vinje i Telemark starta si artistkarriere i 1997, men slo skikkeleg gjennom med plata
«Luring» og songen «Kveldssong for meg og deg» i 2004. Musikken hans spenn seg over fleire
sjangrar som til dømes folkemusikk, country og visesongar. Han har sidan starten gitt ut fleire
slagarar og vi kjenner godt «Heim til mor», « Ein farfar i livet» og «Bestevenn». Ein av dei siste
populære utgivelsane hans er «Dans, dans» frå 2020.
Musikaren har motteke heile seks Spellemannprisar og vart årets Spellemann i 2004. Han har også
motteke mange prisar for si formidling av tekst og tonar på klingande Vinje-dialekt, bla
Storegutprisen og Nynorsk kultursentrum sin anerkjende pris «Årets Nynorskbrukar» i 2014.
I 2019 deltok Nordstoga på det populære programmet «Hver gang vi møtes» og har skrive musikk til
mange ulike tv-produksjonar som «Jul i Svingen» og «Vaffelhjarte».
Med eit variert og fullt repertoar og saman med fullt band blir konserten med Odd Nordstoga i
Sunnylven kyrkje startskotet på Hellesyltdagane. Ei konsertoppleving som truleg vil sette stemninga
for helga frå første tone.
Billettar kan kjøpast på tikkio: https://tikkio.com/tickets/38914-kirkekonsert-odd-nordstoga