Praktisk informasjon


Kvar er Hellesylt?

Hellesylt er sentrum i bygda Sunnylven som ligg i Stranda kommune på Sunnmøre. Hellesylt ligg i enden av Sunnylvsfjorden, og er knytt til den litt meir kjente Geirangerfjorden. Frå Ålesund tek det omlag 2 timar å køyre, medan det tek omlag 1 t frå Stryn.

 


Kart over sentrum

Stands – Hellesyltdagane

Beredskap:

Førstehjelp:

Ved alvorleg sjukdom/skade: 113
Legevakt: 116 177

Brann:
Naudnummer: 110

Politi:
Ved situasjonar der du treng umiddelbar hjelp: 112
Ved alle andre henvendingar: 02800


Toalett/Handicap-toalett/Stellebord

Offentlege toalett er å finne inne på samfunnshuset, og på Hellesylt ferjekai.
Elles er det toalett for kundar på serveringsplassane.

Handicap-toalett er mogeleg å finne på Hellesylt Boutique og Bar, Samfunnshuset og på Hellesylt ferjekai

Stellebord:  Samfunnshuset ved Handicap-toalett og Hellesylt Boutique og Bar.


Sitjeplassar

Ved utescena i sentrum er sett ut eit stort antal benkar, men det kan løne seg å vere tidleg ute ved særskilt behov for sitjeplass.

 

Butikkar på Hellesylt

Devold
I det gamle meieriet finn du Devold sitt utsalg. Der finn du gode tilbud på eit spekter med ullvarer til store og små, både til dei fine sommardagane og dei verkeleg tøffe vinternettene Sjekk utvalet på www.devold.no

Souvenirbutikken
Er å finne ved YX-bensinstasjonen